Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med november i 2023. Også så langt i år er auken 5 prosent, samanlikna med same periode i 2023.
Talet på utanlandsreisande aukar framleis mest, med 12 prosent i november. Hittil år er veksten blant utanlandsreisande heile 9 prosent.
Veksten blant innanlandsreisande er på 2 prosent i november, og 2 prosent hittil i år.
-Passasjertala i november er prega av ein auke på heile 12 prosent utanlands. Samtidig er veksten innanlands utelukkande driven av reiser utanlands altså tilslutningsreiser mellom inn- og utland. Innanlandsmarknaden i seg sjølv er svakt ned mot november i fjor (-1%). Dette er eit teikn på den aukande interessa for Noreg som reiselivsdestinasjon, og på at nordmenn held fram med å prioritere utanlandsreiser i ein tid der mange har ein strammare privatøkonomi, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
-Trenden med fullare fly held fram. November er månaden med sterkast vekst i fyllingsgrad så langt i år, med heile 3,5 prosentpoeng auke frå same månad i fjor. Dette er ein trend som har gått føre seg over mange år, og som er betydeleg forsterka dei siste to åra. Trenden er positiv både for utnyttinga av infrastrukturen, men og i eit utsleppsperspektiv.
Flyrørsler
Det var 49 824 kommersielle flyrørsler i november. Dette er 2 prosent færre enn i november i fjor. Så langt i år er det 1 prosent færre flyrørsler samanlikna med same periode i 2023.
Tal for dei største lufthamnene
(DSL = dei store lufthamnene) og samanlagt-tal for dei mindre (DRL= dei regionale lufthamnene) i november:
Droneflyging aukar
I november vart det meldt inn 1724 flygingar med drone i Ninox Drone.
–Dette er ein auke på 25 prosent samanlikna med november i 2023, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor. – Sjølv med meir vêr og kuldeperiodar som påverkar droneflyging, er dette høge tal som stadfestar trenden med auka dronebruk i Noreg.
I år har det vore meir enn 23.000 flygingar totalt, mot 14.000 flygingar i fjor. Dette er ein auke på 63 prosent.