I går skrev vi om de nye lufthavnavgiftene som staten innfører fra nyttår. Dette er avgifter flyselskapene må betale Avinor for bruk av flyplassene. Widerøe varslet at avgiftsøkningen kan føre til at de må øke billettprisene, eller fjerne enkelte ruter, meldte Nrk Nordland.
Les også: Widerøe vurderer rutekutt.
Innslaget har fått Meltveit Kleppa til å sende ut et innlegg til media: Det gjengis nedenfor:
Feil om Widerøe og startavgifter
Det samla avgiftsnivået ved lufthamnene til Avinor aukar med 1,3 prosent i 2011. Reelt sett går avgiftene truleg ned, fordi det er venta at det generelle prisnivået vil auka med 1,6 prosent. Opplysningane som nylig kom fram i NRK Nordland om verknadene av dei nye avgiftene og deling av startavgifta er feil.
Tvert om er Widerøe det selskapet som kjem best ut av omlegginga av startavgifta. Ei typisk Widerøe-maskin (Dash 8-100) med eit belegg på 70 pst. får ein avgiftsreduksjon på 1,9 pst. (3 kr per passasjer) på avgangar frå lufthamner som ikkje har rabatt på startavgifta  Bodø (som Widerøe nyttar relativt mykje), Værnes, Flesland, OSL, Torp, Sola med fleire. På avgangar frå lufthamner som har rabatt på startavgifta vil tilsvarande avgangar få ein avgiftsauke på 4,7 pst. (6,50 kr per passasjer). Dette gjeld lufthamner på Nord-Vestlandet og Nord-Noreg utanom Bodø.
I sum gir dette ein avgiftsauke som i snitt er langt lågare enn det som går fram av innslaget. I disse berekningane er det dessutan ikkje tatt høgde for at undervegsavgifta blir redusert med 3 pst. i 2011.Dette betyr at avgiftsendringa for Widerøe i 2011 er så marginal at det ikkje er grunnlag for å hevda at dette skal truga enkeltruter eller flytilbodet i Nord-Noreg.
Samferdselsdepartementet vil gjerne fortsetja å ha ein god dialog med selskapa om avgiftspolitikken. Det er sett i gang ei utgreiing av avgiftene som skal følgjast opp i 2011. Selskapa er inviterte til å delta i dette arbeidet. Men ein føresetnad for god dialog er at ein baserer seg på fakta.
Skrevet av Stein Arild Iglebæk 25.11.2010 klokken 16.05